Meiningar:

Å bygge både kroppsøvingsareal og fleirbruks- og basishall vil vera vanskeleg å realisera på fleire måtar

Publisert Sist oppdatert

Plassering av ny barneskule for Sogndal sentrum er avgjort, då fleirtalet gjekk for Trudvangtomta. Det var gode argument for alternativa som vart framlagde, og me i SP venta med avgjersla til alle utgreiingar var på bordet. Medlemmane våre fekk sagt sitt, me har møtt grunneigarar, lærarar, og andre for å få så breitt grunnlag som mogleg for avgjersla.

Alle som har vilja bli høyrt av oss, har fått moglegheit til det. Alle har sitt fokus, men barna sitt beste har vore vekta mest hjå alle. Viljen til å løysa aktuelle problem, var stor hjå alle.

Ei nødvendig bygging av ny barneskule i Sogndal sentrum har vore tema i lengre tid, blant anna vart det satt av areal til dette på Kvåle når «Områdeplan Campus Sogndal» vart votert over april 2019.

Meiningar

Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.

Med seg i prosessen med ny barneskule har det vore eit solid fleirtal for at fleirbruks- og basishall skal vere ein del av prosjektet. Dette sidan vi ved bygging av ny barneskule, og må ha kroppsøvingsareal tilpassa elevtalet (og SFO). Ein skule med sju klassetrinn og fire parallellklassar, vil gi behov for to og truleg tre hallflater med tilhøyrande garderobeanlegg. Sjølv om det er mogleg å ha kroppsøving ute, vil det til tider vera slik at alle må ha timane innandørs.

For oss i SP har fleirbruks- og basishall vore ei viktig sak, då det er stort behov for dette i Sogndal, og om me skal bygge både kroppsøvingsareal på Trudvang og fleirbruks- og basishall på Kvåle, vil dette vera vanskeleg å realisera på fleire måtar. Det er vanskeleg å forsvara det å bygge to «treningsanlegg» i Sogndal sentrum, samstundes som eksempelvis Kaupanger har eit skrikande behov for tilsvarande areal hjå seg, med den positive folkeauken som er der borte.

Undersøkingar blant born visar og at om lag 3 av 10 born mislikar/hatar kroppsøving. Så om ein fleirbruks- og basishall, kan vera med på å få born til å like kroppsøving betre, er det noko me i SP ser på som fordelaktig. Å kunne tilby elevane noko meir enn berre dei tradisjonelle hallaktivitetane, blir trekt fram som eit godt eksempel for å få fleire til å sjå fram til kroppsøvingstimane.

Å erstatta kroppsøvingshallar med fleirbruks- og basishall krev noko meir areal, men punktet for arealavståing var likt for begge framlegg i førre kommunestyre. Alle partia som gjekk for skule på Trudvang ville ha skuletomt innafor kvartalet til Trudvang. Og alle vil at det skal «søkast løysing for frivillig avståing av grunn frå bustadtomter i området, og det kan bli lagt opp til utsett overtaking av eigedom om det let seg gjennomføre i samband med realisering av byggeprosjektet.».

Powered by Labrador CMS