Foto: Synne Asheim Haga
Meiningar:
Elbil-auken krev føreseieleg ladestruktur
I vinterferien skjedde det att. Ladesystemet for el-bilar i Årdal var ute av funksjon. Ein fortvila situasjon når fleire og fleire ynskjer å køyra miljøvenleg.
Eg forstår sjølvsagt at innbyggjarane i Årdal ordnar seg med eigne løysingar og lading heime, men: Ei bygd som tek mål av seg til å satsa på reiseliv, lukkast med reiseliv og auka talet på turistar, må ha eit betre tilbod.
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.
Mange kjem ned frå fjellet for å nytta det etterkvart mangfoldige tilbodet bygdi har å by på. Då må folk få lada bilane sine. Vegen opp Ljoteli eller over Turtagrø, krev tilstrekkeleg med straum på bilbatteria.
Eg er temmeleg lei av å bli fortalt at marknaden skal styra. Eg kjenner til svært få aktørar som brukar kapitalen sin på å ta samfunnsansvar i grisgrendte strok, utan å få betalt for det. Dette må løysast i fellesskap.
Det er tredje gongen på relativt kort tid eg opplever å møta ladestasjonen i Årdal ute av drift.
Eg ynskjer at Årdal skal vera ein tilgjengeleg kommune, med ein ladeinfrastruktur som fungerer. Omstilling og utvikling kan de. Eg oppmodar aktørane i Årdal (både offentlege og private) til å satsa. Gå saman for å utvikla eit ladetilbod i tråd med forventningane frå brukarane.
Lukke til.