
Meiningar:
Tek du mannen i staden for ballen, Stig Stark-Johansen?
Ja, no vart eg sett skikkeleg på plass av kommunedirektør i Årdal, Stig Stark-Johansen. Eller, ved nærare ettertanke, vart eg det?
Heile tilsvaret byggjer på, at eg, som mangeårig rådmann i Årdal, no 13 år sidan, burde vita betre enn å ta i bruk enkelte spissformuleringar som ‘kokelimonke’ og ‘nyttig idiot’. Jau, som rådmann kunne eg ikkje oppføra meg slik, ikkje ein gong etter fem års karantenetid frå samfunnsdebatten, men etter heile 13 år? Då kjenner eg meg fri som fuglen til å delta i samfunnet som privatpersonen Ingvar Laberg. At nokon tek i bruk hersketeknikkar og brukar fortida mot meg, lever eg godt med.
Sjølvsagt er ikkje Thomas Norheim Moen idiot. Uttrykket ‘nyttig idiot’ (i hermeteikn) er eit slenguttrykk i offentlege debattar, særleg når det er grunn til å tru at politikk og administrasjon ‘juksar’ med rollane sine for på ein ‘lur måte’ (kokelimonke) å få gjennomslag, i dette tilfellet til å endra kommunedirektøren sitt mandat, gitt av Kommunestyret.
I motsetning til meg og mine tvilsame metodar i tida som rådmann, er det tillitsvekkjande å registrere at kommunedirektøren ‘aldri har bede verken Moen eller andre om å stilla spørsmål. Det er ikkje min stil.’
Viss eg først skal sjå tilbake på rådmannstida mi, hugsar eg mange situasjonar der tilhøvet mellom rådmann og politiske nivå utfordra integriteten min og eg er redd du har rett i at min vandel i dette samspelet ikkje var så plettfri som din.
Så til innhaldet i saka, som du unngår å seia noko om. Viss eg modererer meg litt, dristar eg meg til å meina at det er meiningsfelleskap mellom deg og Thomas Moen i at utkjøp av privateigde forretningseigedomar, truleg til ein kostnad på minst 100 millionar, er naudsynt for å sikre eit stort nok tomteareal til det nye omsorgssenteret. Slik eg forstår kommunestyret har du fått i oppdrag å laga eit forprosjekt avgrensa til Jernbanetomta som areal.
I Kommunestyresak 051/22 er mandatet utforma i 7 punkt. Punkt 1 lyder:
«Kommunedirektøren får mandat til å gå vidare med alternativ 2, Jernbanestasjonen for bygging av nytt omsorgssenter. Dette gjeld området som kommunen eig og disponerer i dag.»
I punkt 2 får du i oppdrag å legge fram eit forprosjekt innan 30. mars 2023.
Det som utløyste innlegget mitt var at spørsmålet frå Thomas Moen og svaret ditt, framstod som ein omkap i høve prosjektmandatet. Forprosjektet, så langt eg kjenner til, er knapt igangkomme. Likevel kan ein ikkje venta på eit ferdig forprosjekt, slik at ein får eit kvalifisert grunnlag til å endra både tomtestorleik, kostnadsrammer og eventuelt programmering av innhaldet i senteret. Eg ser på det som eit inngrep i ein vedteken prosess, noko som er lite tillitsvekkjande.
Investering i nytt omsorgssenter er heilt naudsynt og det må byggjast på Årdalstangen. Men, uansett kostnad ein til slutt landar ned på, vil dette vera kommunen si største investering nokosinne og vil bandlegga kommunen si evne til å oppretthalda allerede sveltefora tenester innan kultur, idrett, skular og barnehagar. Difor er det avgjerande viktig at Kommunestyret har full styring med dette prosjektet, slik at kostnadsramma tillet heile tenestetilbodet i Årdal forsvarlege vilkår.
Til slutt ber eg lesarane om årsaking viss meiningsutvekslinga mellom kommunedirektøren og meg framstår som ein ‘hanekamp’, som sjølvsagt ikkje er av interesse. Men, sjølve saka er av interesse, både reelt og prinsippielt.