Foto: Halvor Farsund Storvik
Meiningar:
Vi held pusten heile tida
Om lag 90 millionar menneske er på flukt i verda i dag. Ein del av dei som er på flukt har søkt om asyl og fått avlag, men er av ulike årsaker framleis i Noreg.
Vi held pusten heile tida. Det skriv Mennesker i Limbo på si heimeside. Mennesker i Limbo er ei gruppe med lengeverande papirlause asylsøkjarar. Desse menneska lever i våre lokalsamfunn, flest i dei største byane, men også i Sogndal og andre bygder. Dei er kvinner og menn, nokre har barn og andre kom hit som barn. Dei kjem frå ulike land og har ulik bakgrunn. Dei har til felles at dei lever i Noreg utan det tryggleiksnettet velferdsstaten elles stiller opp med for folk i landet vårt. Dei lever midt mellom oss utan rett til:
- Arbeid
- Skolegang
- Helsetjenester
- Økonomiske velferdsytelser
Mennesker i limbo, papirlause flyktningar eller irregulære immigrantar. Kvifor reiser dei ikkje «heim»? Nokre er heime, dei er fødde her og kjenner ikkje noko anna heimland. Andre kan ikkje reise heim, fordi det er krig, eller menneskerettsbrot og forfølging. Nokre vil reise, men har ikkje ID-dokument og vert difor ikkje akseptert i landet dei kom frå.
Forskingsstiftinga FAFO skriv om eit ukjent tal personar utan gyldig opphaldsløyve. Dei oppheld seg i Noreg, men juridisk har dei plikt til å forlate landet. Desse menneska som lever som irregulære migrantar, lever difor særs utsette liv.
Særs utsette liv skriv FAFO. Der folk er avhengige av andre for å overleve. Der kvinner er dobbelt sårbare. Og der utnytting, vald og overgrep er ein stor fare. Mennesker i Limbo skildrar avmaktkjensla slik: «Uten rettigheter har vi ikke kontrollen i eget liv, vi er avhengig av andres godvilje. Derfor må vi kjempe for å overleve. Vår livssituasjon gjør oss syke, både fysisk og psykisk».
Einskildpersonar og frivillige organisasjonar, som Helsehjelp for papirlause, gjer ein imponerande innsats for desse menneska. Vestland fylkeskommune, Bergen og Trondheim kommune har og politiske vedtak som gjer kvardagen noko betre for medmennske i ein særs vanskeleg livssituasjon. Vi som samfunn må løyse denne floka, og gje amnesti til lengebuande, papirlause flyktningar og alle dei som er fødde i Noreg.