Oppdatert:

Manuell dirigering mellom Øvre Årdal og Årdalstangen – her må du rekna god tid
Her kan ein bli ståande å venta i ein time.
Frå Midnestunnelen og ut Steiggjetunnelen langs tangavegen vart det frå måndag av stenging i periodar grunna tunnelarbeid.
Arbeidet føregår mellom klokka 07:00 og klokka 19:00 kvar dag frå 01.08.2022 til 12.08.2022.
Det vert manuell dirigering på staden og vegen vert stengd i korte periodar.
Det har vore knytt mykje frustrasjon og uvisse kring når det er moglegheit for å passera. Dette har vegvesenet prøvd å gjere noko med.
Før helga opna dei mellom anna opp for fri passasje i rushtida mellom klokka 15:00 og 16:00.
Elles gjeld dei tidlegare tidene:
Frå klokka er 07:00 til 09:00 og frå klokka 16:00 til 17:00 vert det ventetid inntil 30 minutt.
Frå klokka 09:00 til 15:00 og frå klokka 17:00 til 19:00 er det inntil 1 time venting.
Utrykningskøyretøy under utrykking og rutegåande trafikk i rute kan passere.
Følg bussrutene
Porten har fått fleire meldingar med spørsmål om det er mogleg å skaffe fastslåtte tidspunkt. Beskjeden frå trafikkoperatørane Porten har prata med er likevel den same, nemleg at dette ikkje er mogleg å skaffe.
Men me får stadig høyre at ein lyt følgje bussrutene om ein vil korta ned på ventetida.
Porten har fått bilete med desse tidene som ein kan sjå i tabellen nedanfor. Det vert anbefalt å koma til desse tidene.
Frå Øvre | Frå Tangen |
07:08 | 07:25 |
09:08 | 07:49 |
09:28 | 09:01 |
11:28 | 10:09 |
12:03 | 10:43 |
13:43 | 13:05 |
14:33 | 13:25 |
15:30 | 14:34 |
15:33 | 15:40 |
17:03 | 16:00 |
18:53 | 16:34 |
-- | 16:36 |
-- | 18:19 |