Naudetatar rykte ut til røykutvikling - viste seg å vera eingongsgrill

Politi og brann rykte ut til ein røykutvikling i uvisse om kva røyken kom frå.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein eingongsgrill med litt mykje røyk, seier operasjonleiar på Vest Politidistrikt.

Litt over halv to sundag formiddag rykte politi og brann ut til ein observasjon av mykje røyk .

Det var uvisst kva som brann då dei var på veg.

– Det var ingen dramatikk, og ikkje noko fare for verken folk eller område, seier operasjonsleiar.

Powered by Labrador CMS