PASSORD: Dagleg leiar Kristine Haglund har ei viktig melding til abonnentar
PASSORD: Dagleg leiar Kristine Haglund har ei viktig melding til abonnentar

No må du endre passord: –hugs å sjekke søppelpost

Porten går torsdag inn på ei ny og framtidsretta plattform. Alle lesarane våre må trykke gløymt passord, hugs å sjekk søppelpost om du ikkje får tilsendt e-post med nytt passord.

Torsdag bytta nettavisa Porten til plattforma Labrador, utvikla av PublishLab, som er eigd av TV2 og Dagbladet. Den vert brukt av mediehusa sjølve, og dessutan fleire andre nettaviser.

Når plattforma skal innlemmast, er det éin ting alle abonnentar må huske på. Byte av passord.

Nyheit frå Porten

Dette er ei nyheit om nettavisa Porten sjølv, og slik ikkje ein del av den daglege journalistikken.

Dagleg leiar Kristine Haglund forklarar at når overgangen til plattforma er klart, vil alle lesarane få tilsendt ein e-post med lenkje til å byte passord.

– Ein kan også gå inn på den vanlege sida og trykkje på gløymt passord, så vil ein få eit nytt sendt til seg. Etter det kan ein redigere passordet som ein ønskjer, forklarar Haglund.

Men om du hadde gløymd det, alle får gratis lesing hjå oss fram til klokka 15 i dag.

Powered by Labrador CMS