ULTIMATUM: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane sin formulering i innstillinga om nynorsk er verdilaus om Rogaland vil ha nøytralt administrasjonsspråk. Arkivfoto
Krev nynorsk-ultimatum
Dei neste vekene blir administrasjonsspråket i den eventuelle Vestlandsregionen bestemt. Noregs Mållag meiner at Sogn og Fjordane og Hordaland må stille som ufråvikeleg krav at også Rogaland går med på nynorsk språk.