Nye notisar blir automatisk synleg

18. september 2019 08:40

Nye sauer drepne av ulv

Natt til laurdag vart to nye sauer drepne av ulven som har herja i Høyanger, Hyllestad og Fjaler tidlegare, skriv NRK Sogn og Fjordane. Dei to sauene vart denne gongen funne i Hovlandsdalen i Fjaler. Fylkesmannen gav i førre veke fellingsløyve for ulven, og vel 60 jegerar har registrert seg for dette. 

Porten.no
17. september 2019 15:28

Solheim i villaksstyret

 

Noverande Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er blant dei åtte i styret for nytt nasjonalt villakssenter, skriv NRK.

Frå einingar i i Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana kommunar, skal senteret formidle kunnskap om villaksen.

Porten.no
17. september 2019 15:12

Vegvesenet: - Sjekk lysa dine

Tysdag utførte Statens vegvesen ein trafikkontroll i Sogndal og Kaupanger.

Sju personbilar fekk manglar som gjaldt lys. No oppmodar vegvesenet bilistar til å sjekka at lysa sine er i orden sidan me går mot haust og mørke. 

 

- Statens Vegvesen ber om at alle tek ein tur rundt køyretøye å sjekkar at lysa er i orden. Me er no på veg inn i tida med mørke haustkveldar og me treng at alt påkrevd lys verkar. Dette både for at me skal sjå hjort og anna som bevegar seg lags vegen, og for at andre skal sjå

oss og forstå kva me har tenkt å gjera med at me syner det med baklys, bremselys og retningslys, heiter det i ei pressemelding. 

Porten.no
17. september 2019 12:55

Frudalstunnelen open att

Frudalstunnelen i Sogndal vart klokka 12:55 stengd på grunn av stein i vegbana. No er tunnelen open att, melder vegtrafikksentralen.

Porten.no
16. september 2019 18:07

Snø på fjellovergangene

Meteorologisk institutt har sendt ut gult varsel for snø på fjellovergangane i Sør-Noreg det neste døgnet. Snøgrensa kan komme ned til 500–700 meter, skriv NRK Sogn og Fjordane

Varselet gjeld for heile Vestlandet og så langt sør som til indre delar av Rogaland.

Skal du over fjellovergangane i kveld, natt eller i morgon tidleg, bør du ha lagt om til vinterdekk, ifølgje Statens Vegvesen. 

Porten.no
16. september 2019 08:40

Straumutkopling i Utladalen torsdag

Komande torsdag blir straumen utkobla i bustadfeltet Ålmennhagen i Øvre Årdal. Dette er grunna arbeid på Årdal Energi sitt distribusjonsnett.

Straumutkoplinga skjer mellom klokka 09:00 og 11:00, varslar selskapet. 

Porten.no
15. september 2019 19:58

Uavgjort mellom Sogndal og Sandefjord

Sogndal: Kristoffer Hoven scora etter 38 minutt, men i andre omgang utlikna Rubén Herráiz Alcaraz og Sandfjord. Det enda altså med resultatet 1-1 på Fosshaugane Campus i dag. Sogndal Fotball ligg no på femte plass på tabellen med 34 poeng og 22 spelte kampar.

 

Porten.no
15. september 2019 19:14

Stengd veg ved Åkre

Fv. 8 mellom Oppedal og Hest er stengd ved Åkre på grunn av fare for ras. Den vert ikkje opna søndag, ifølgje Statens vegvesen. Det er omkøyring på Fv. 92 via Stordalen. 

Porten.no
15. september 2019 16:17

Stondalstunnelen open igjen

Aurland:  Fv55 ved Stondalstunnelen i Aurland blei i 13.30-tida stengd på grunn av ras. No er tunnelen open igjen, melder Vegtrafikksentralen Vest.

Porten.no
15. september 2019 14:48

Fylkesveg 601 mellom Langhuso og Undredal stengt

Aurland: Fv 601 er stengt på strekningen mellom Langhuso og Undredal på grunn av ras. Ny vurdering klokken 18.00, skriver Vegtrafikksentralen Vest på Twitter klokken 14.30.

Porten.no
15. september 2019 14:13

Lærdalsfjellet stengt

Lærdal: Fylkesveg 243 mellom Nyheim og Lærdal blei stengt 14.00. Det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Porten.no
15. september 2019 13:53

Årdøl vann over ein million i supertrekning

Årdal: Ei kvinne frå Årdal vann over ein million kroner i supertrekninga laurdag. Det blei trekt heile 35 ekstra Lotto-millionærar i går. Fire av desse er frå Sogn og Fjordane, melder Norsk Tipping på sine nettsider.

Porten.no
15. september 2019 13:44

Ras mellom Vik og Arnafjord

Vik: Det har gått minst tre ras på fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord.

– Me slepp ikkje inn folk i dag, seier vegvaktar Olav Kåre Rendedal til Sogn Avis.

Den kraftige nedbøren har ført til at jord og lausmassar har rasa ut i vegen ved Eitrestrondi, på vegen mellom Framfjorden og Indrefjorden, og ved Stølaneset.

Porten.no
15. september 2019 07:15

Ferja Leirvåg- Sløvåg innstilt grunna dårleg vêr

Ferja mellom Leirvåg -Sløvåg er innstilt grunna dårleg vêr.

Porten.no
14. september 2019 22:14

Årdal vann mot Dale

Dale: Årdal tok tre nye poeng då dei vann mot Dale på Dingemoen i dag.  Terje Kvam Øvstetun scora eit mål og det sikra Årdal FK sigeren. Dei ligg på toppen av tabellen med 18 spelte kampar. Førde ligg på andre plass med like mange spelte kampar, men med tre poeng mindre.

Porten.no
14. september 2019 18:58

Kaupanger tapte 2-0

Oslo: Kaupanger tapte 2-0 mot Grei Kvinner Elite i 1. divisjon for kvinner. Kaupanger ligg no på 11. plass på tabellen med 15 poeng.

Porten.no
14. september 2019 18:39

Siger til Studentspretten

Fotball: I ettermiddag slo Studentspretten og Tornado Måløy 3-5 på Måløy Stadion. Studentspretten ligg no på fjerde plass i Kretsligaen.

Porten.no
14. september 2019 12:40

Fv55 over Sognefjellet nattestengt

Sognefjellet: Vegtrafikksentralen Vest melder på Twitter at Fv55 blir nattestengt natt til søndag på grunn av uvêr. Vegen kan òg bli stengt på kort varsel på dagtid.

Porten.no
13. september 2019 14:42

Vegar i Luster kan verta stengde

Vegar i Luster kan verte stengde på kort varsel grunna mykje nedbør, melder kommunen.
Det er Statens vegvesen som står bak varselet, som gjeld fylkesveg 331 natt til søndag, og Sognafjellet natt til laurdag og søndag. Her kan det óg bli stengd på dagtid.

Porten.no
13. september 2019 14:40

Stenger tursti i Aurland

Frå neste veke vil turstien til Brekkefossen i Aurland bli stengt i periodar. Grunnen er at stien skal steinsettast.
Arbeidet er planlagt å vara i ein månad.

Porten.no
Til toppen