26. July 2017 14:17

Meiner turistskatt må til for å løysa dokaoset

– Ein turistskatt ville ha gitt ei god finansiering av toalett- og søppelhandteringa på godt besøkte reisemål, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Sogn til NRK.

I sommar har langvegsfarande turistar møtt stengde toalett på populære attraksjonar fleire plassar i landet, seinast i førre veke ved det spektakulære utkikkspunktet Stegastein over fjorden i Aurland, reiselivskommunen med Flåmsbana og éin million besøkjande i året.

– Sjå til Skottland, Austerrike, Sveits og Italia. Der betalar turistane skatt – på restauranten, på hotellet eller på museet. Pengane går inn til ein felleskasse som dekkjer fellesgode, som toalett, søppelhandtering og parkanlegg, seier Brandshaug.

Men både NHO reiseliv og regjeringspartia seier nei til skatten, melder statskanalen.

Porten.no
Til toppen