6. september 2017 10:46

Bassenget blir 16 millionar kroner dyrare enn budsjettert

Aurland: Trass i at politikarane i Aurland gjekk for det dyraste alternativet for renovering av symjebassenget i idrettshuset, blir renoveringa ytterlegare dyrare, melder Sogn Avis.  43 millionar kroner har vorte til 58,5 millionar kroner.

Men ordførar Noralv Distad vil ikkje kutta i prosjektet av den grunn:

– Utan å forskotera kva formannskapet og kommunestyret kjem til å vedta i denne saka, meiner eg at me må gjennomføra renoveringsprosjektet slik me vedtok i fjor haust. Det vil seia inkludert bygging av eit terapibad, seier ordførar Noralv Distad til avisa.

Ole R. Sælthun
Til toppen