Politiet fekk klokka 19:31 i dag melding om ein liten brann i skogen på Kaupanger. Området som vart råka var på beskjedne tre kvadratmeter. Det er for tida ekstremt stor skogbrannfare i heile Sør-Norge. Førre torsdag hindra rask innsats frå lokale folk på staden at ein brann på Kaupanger fekk utvikla seg.