14. august 2018 13:05

Edin Øy satsar i svensk klubb

Årdøl Edin Øy forlét Sogndal Fotball, og er no klar for å satsa i den svenske klubben Ljungskile SK, melder klubben på sin nettstad.  
21-åringen kom til Sogndal i 2015,  men fekk ikkje så mykje speletid med A-laget grunna tøff konkurranse, skriv klubben. 

I 2016 og 2017 vart han utlånt til Førde og Fana, medan årets sesong har vore prega av skadeproblem.

Øy har spelt fire kampar saman med G18-landslaget. 

På biletet: Edin Øy (Foto: Rune Sjøberg)

Porten.no
Til toppen