14. October 2018 19:41

Fleire vegar stengt grunna flaumen

Fylkesveg 604 Jostedalen i Luster er stengd grunna flaumen. Det er strekninga mellom Leirdal og Gjerde som er råka, melder Vegtrafikksentralen.

Fylkesveg 331 mellom Sørheim og Loi er heller ikkje open for trafikk. Her er gått to ras, og arbeid med opprydding vert ikkje starta før måndag morgon. Kommunen har sett inn ferje på strekninga.

Josef Benoni Ness Tveit
Til toppen