Saka vert oppdatert.

Politiet er på staden, etter å ha fått melding om at ein trailer har køyrt utfor ein stad på Lustravegen. Det skriv dei på Twitter.

Føraren skal ikkje vere skada, men vedkomande er samstundes mistenkt for å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand.

Føraren vert frakta til Sogndal for vidare undersøkingar.

Til Porten fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, at traileren som køyrde av vegen, var utenlandsregistrert, og køyrt av ein utenlandsk førar.

– Han er ikkje kome til skade, og kom ut av kjøretøyet på eigenhand, seier Mjelde.

Traileren vil no verte henta av Viking. På spørsmål om kva slags tilstand traileren er i no, seier operasjonsleiaren:

– Det er ikkje meldt om store materielle skader. Heller ikkje på tredjemann sin eigendom.

For augenblinken er begge kjørefelta på staden opne.

– Det kan sjølvsagt verte nokon trafikale utfordringar når traileren skal reddast, om Viking har behov for vegbana. Politiet er ikkje lenger på staden, seier Mjelde.