Riksveg 52 Mørkedøla er mellombels stengd grunna trafikkulukke, melder Vegtrafikksentralen vest klokka 16:12.

Naudetatane er på veg til staden. Det er ein personbil mot vogntogn. Ulukka verkar alvorleg, og det er store materielle skader, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Begge køyrefelt er stengde.

Førar av personbil er våken og bevisst, men framstår som hardt skadd.

Klokka 17:11 melder politiet at førar av bilen er frigjort.

Klokka 20.40 melder vegtrafikksentralen at eitt felt er ope, og at trafikken vert dirigert forbi.

Ein må rekne med forseinkingar, skriv dei vidare.

Klokka 20.49 melder Vegtrafikksentralen vest at vegen er open for fri ferdel.