E16 Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland er mellombels stengt melder Vegtrafikksentralen klokka 12:05.

Årsaka er melding om ein sofa i vegbana.

Entreprenør og politiet er på veg.

Klokka 12:14 skriv Vegtrafikksentralen at tunnelen er opna for fri ferdsel. Det viste seg å vera ei sofapute og ikkje ein heil sofa som låg i vegbana.

Sofaputa er no flytta vekk frå vegbana.