– Det var litt uventa at me skulle falle på den plasseringa der, men når me kom inn så skjønte me at det her kan faktisk bli heilt nydeleg, seier redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis Arve Uglum.

Halvåret etter det vart bestemt at avisa melde at dei ynskte å forlate det historiske lokalet ved Saften på Leikanger til fordel for Sogndal er det no bestemt at avisa flytter inn på Møbelringen sitt noverande lokale ved Sjøkanten.

Innflyttingsdato er tiltenkt 1. februar, 2023.

– Eit kjenslespørsmål

Reaksjonane har vore delte etter at Uglum først meldte om planane om å forlate Leikanger, etter å ha hatt sine lokale der i 60 år.

– Det er jo eit kjenslespørsmål. Det har kome ein og anna reaksjon - eg tykkjer òg det er rart å bryte med dei mange åra me har vore på Leikanger. Samstundes trur eg alle ser dette er eit naturleg steg å ta.

LIKE VED SENTRUM: Møbleringen-lokalet ligg bak og oppe til venstre i biletet. Sjøkanten ligg relativt sentralt i retning mot Stedje og har som Uglum påpeiker ein relativt grå framtoning. Foto: Ola Skram

Det store lokalet ved sjøkanten gjev mange moglegheiter, men treng ein del arbeid før det vert klart for innflytting, påpeiker Uglum.

– Me skal ha ein glasfasade som kan bidra til å bryte opp den triste gråe fasaden. Men mykje arbeid står att før me veit korleis det blir.

Anna plass - same fokus

Ved å flytte innover mot Sogndal vil det spare redaksjonen for ein del utgifter mellom anna med tanke på køyregodtgjersle. Men det er ikkje nødvendigvis det som er det viktigaste elementet for Uglum.

– Det blir mykje mindre styr. Me har brukt mykje krefter og tid på å kome oss innover. Det at me flyttar til Sogndal betyr likevel ikkje at me skal skrive så mykje meir om bygda, men det vil frigjere oss frå andre ting.

SPENTE: Arve Uglum (f.v) på innsida av det noverande Møbelringenlokalet. Her saman med Salssjef Leif Johannes Lunde og styreleiar Svein Atle Huus. Foto: Svein Erik Hovland / Sogn Avis

Med det flyttar avisa seg også lengre vekk frå til dømes Balestrand og Vik. Det er ikkje redaktøren så alt for uroa over.

– Me har to journalistar i Vik så der er eg ikkje så nervøs. Balestrand skal me også finne ei løysing på. Eg er oppteken av at me skal vere til stades over alt, det har me klart til no og det skal me også halde fram med, avsluttar han.