Utflytt lærdøl

Eg sit her, på andre sida av landet. Nesten i alle fall. Det har gått nokre år sidan eg flytta frå den bygda eg kjende meg heime i. Som eg framleis er fantastisk glad i.

Eg har sete og lese historia til både Gøran og Jostein, og eg vil seie takk for at dykk sto fram. Takk for at dykk fortel dykkar historie! De er modige som tore å stå fram og det er tøft og rått å lese historiene.

For eg veit òg korleis det er å vere ein av dei som ikkje blir sett på skulen. Eg trur likevel eg klarte meg bra i det store og det heile. Eg kjende Lærdal som ein god kommune å bu i, heilt fram til eg torde å fortelja mi i historie.

Fyrst då såg eg korleis bygda kunne forandre seg til noko heilt anna. Til noko eg ikkje trudde sjølv – for eg trudde eg skulle bli trudd. Det var andre som vart sett på som meir truverdige, og slik er me som menneske, me er ulike og trur på ulike ting.

Når eg no har lest om dei som har stått fram, ser eg at det er ikkje berre eg som har nokre dårlege minner frå denne staden, det er ikkje berre eg som har møtt lærarar som har gjeve beskjed om at ein ikkje er verdt noko, eller at ein er lat.

Eg har fram til no slått eit slag her på Austlandet for mindre skular – det skal liksom vere litt tryggare for elevane, men no veit eg ikkje lengre.

Det kan vere eg endrar meining. Eg må tenkja litt, heldigvis veit eg at krava til ein utdanna lærar både i skulen og barnehagen endrar seg med åra. Krava vert strengare, det er strengare krav til korleis ein skal ta tak i mobbing og korleis du ser på borna du har rundt deg.

Det er bra, men det verkar som om kommunen har kome til kort på desse områda tidlegare. Alt eg no tenkjer er at eg håpar dei har gjort noko med det, slik at dei som kjem etter oss ikkje opplev lærarar som ikkje ser dei, og som snur ryggen til.

Det er ikkje ein slik skule eg ynskjer.

Så takk, takk for at dykk delte. Takk for at me er fleire og vit at du ikkje er åleine.

Innlegget er skriven av ein anonym innsendar. Porten kjenner til identiteten til vedkomande.