Klokka 12:19 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Ein bil skal ha køyrd i fjellveggen. Føraren var fastklemd men er no komen ut av bilen.

Det er store materielle skader på køyretøyet men føraren er medviten.

Brannvesenet er på staden, politiet og ambulanse er på veg.

Ulukka skal ha funne stad mellom Naustbukttunnelen og Midnestunnelen. Begge tunnelane er no stengt.