Klokka 11:45 har politiet fått melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Ein bil skal vera involvert og det er trafikale utfordringar. Naudetatane er på veg.

– Det er ein bil med ein førar innvolvert. Bilen har skadar i front, og det er ukjent kva som har skjedd, fortel Dan Erik Johannessen, operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt.

Føraren er våken og bevisst, og får no tilsyn av ambulansepersonell.

Klokka 12.49 melder Vegtrafikksentralen vest at det er manuell dirigering på staden.

Vegentrafikksentralen meldte klokka 14:14 at vegen er open for fri ferdsel.