– I hovudsak er det på gangfelta det blir arbeida i denne omgang. Det gjer at dei blir stengde på begge sider av gata, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Det skal etablerast nye anlegg for både lys og drenering på strekningen. På sørsida av vegen vil det komme ny kantstein og asfalt, medan det på nordsida skal utvidast til ny gang-og sykkelveg.

– Alle trafikantar, både køyrande og gåande må følgja skiltinga i samband med arbeida, understrekar byggjeleiar i Jørn Kristian Engebø i Statens Vegvesen i pressemeldinga.

MYKJE JOBB: Frå seinsommaren av har det vorte jobba med rundkøyringen ved skyss-stasjonen. Etter nyttår flyttast arbeidet nærare sentrum. Foto: Toralf Larsen Vallestad

Stenging

I periodar vil det verte stengingar i Ålkrysset. Dette vil få konsekvensar for lokaltrafikken.

Kryssingane for fotgjengarar er ennå ikkje ferdig utforma. Her skal det etterkvart kome på plass taktile heller, for å tilretteleggje for blinde og og svaksynte. Vidare gjenstår to lag med asfalt på riksveg 5. Dette vil skje til våren igjen.