Elevar ved Fjordtun oppvekstsenter og Sagatun skule får tilbod om digital heimeundervisning på grunn av uvêret.

Også elevar buset i Fjærland som går på Kvåle skule får undervisning ved Fjærland oppvekstsenter måndag.

Det er meldt om raudt farevarsel for snøskred i heile Sogn og Sogndal kommune ser seg nøydd til å ta preventive tiltak.

Skredfaren vil auka utover måndagen.

Ordførar Stig Ove Ølmheim fortel at kommunen følgjer situasjonen tett.

– Me overvakar vêrsituasjonen, og blir det endring i forholda som krev det, vil me gjera nye vurderingar, seier han i ei melding.

Han oppmodar folk om å følgja med på farevarsla, og ta ansvar for eiga sikkerheit.

Tek grep

Også i Aurland vert innbyggjarane åtvara om vêrforholda.

Det er i tillegg fare for sørpeskred på gult nivå i regionen og kraftig regn gjev fare for store våte skred under 1000 moh.

– Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd, skriv kommunen på sine heimesider.

Kommunen ber innbyggjarane halda stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø og is. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.