Årdal kommune

Gang- og sykkelvegen mellom Øvre Årdal og Utladalen er framleis stengd.

Seimsdal bru på fylkesveg 5633 er det sett opp nokon sperrebukkar. Det er avdekka skade i elvelaup som må utbetrast. Bru er open.

Tursti til Loi på Tangen er delvis under vatn.

Aurland kommune

Fylkesveg 5625 Voldadalen mellom Aurland og Skjerdal er open for fri ferdsel.

Fylkesveg 5624 ved Brekke i Aurland er open for fri ferdsel.

I analyseresultat for Skjerping vassverk er det påvist Koliforme bakteriar, og det vert difor innført kokepåbod. Oppheving av kokepåbod vil bli varsla når det ligg føre to negative prøveresultat. Bebuarar i Skjerping bustadfelt får tilsendt eige varsel på sms/e-post.

Sogndal kommune

Vegen mellom Balestrand og Menes er open.

Fjellovergangar

Sognefjellet er fortsatt stengt.