Det er ikkje til å leggje skjul på at det totalt sett er færre kvinner enn menn i dei øvste posisjonane i samfunnet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det i 2021 37,6% kvinner blant leiarane i landet. Dermed var det heile 62,4% menn.

Det er altså slik at ikkje halvparten av leiarane våre er kvinner, trass i at halvparten av befolkninga er det. Kvifor er det slik? Er det skilnadar mellom kvinner og menn i leiarposisjonar, og i deira veg mot toppen?

Det kan kanskje berre kvinner i leiarposisjonar svare på.

Trine Lerum Hjellhaug er administrerande direktør i Lerum, og gjekk inn i stillinga som fabrikksjef allereie som 24-åring. Anne Karin Hamre er direktør for Vestlandsforsking, og har vore ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmann i Sogn og Fjordane. Vibeke Johnsen er varaordførar i Sogndal kommune, og har mellom anna vore leiar i Sogn og Fjordane SV, nestleiar i Kvinnepolitisk utval i SV og leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Liv Signe Navarsete er statsforvaltar i Vestland, og har vore samferdselsminister, kommunal- og regionalminister og partileiar for Senterpartiet.

Må kvinner tørre meir? Tørre å seie ja til ansvar?

– Det korte svaret er ja – men det er meir kompleks enn som så, seier Vibeke.

– Det er sjølvsagt store individuelle skilnadar, men det kan sjå ut til at menn i større grad tørr å ta ein sjanse. Kvinner er kanskje litt meir risikoaverse, og skal vere heilt sikre på at dei meistrar alle oppgåver som ei ny stilling krev. Då må ein tore å seie at no er det godt nok, alt må ikkje vere perfekt, seier Anne Karin.

Vegen til toppen

Vegen fram til leiarstillingane dei no anten er i eller har vore i har naturleg nok vore ulik for alle fire. Nokre har vore leiartypar heile tida, har hatt lett for å ta på seg ansvar og har vore synlege.

For nokre starta det allereie på skulen.

– Eg kom tidleg inn i elevrådet, og dreiv mykje med barne- og ungdomsarbeid, idrett, skuleavis og sånt. Men eg hadde i alle fall ikkje den gongen ambisjonar om leiarstillingar, seier Vibeke.

– Det at eg hamna i leiarstillingar handlar mest om at eg har teke ansvar frå veldig tidleg alder. Eg er storesyster i ein tett syskenflokk på fire og kjem frå gard, så eg måtte tidleg ta ansvar. Så har eg drive med idrett, hadde sommarjobb tidleg, tok ansvar i gruppearbeid på skulen og var også elevrådsleiar på gymnaset, fortel Anne Karin.

TIDLEG ANSVAR: Anne Karin Hamre skildrar ein oppvekst der ho tidleg tok ansvar - både på heimebane og på skulen. Foto: Inger Helgestad

For andre var ikkje skulen ein arena der ein søkte posisjonar og verv. Liv Signe fortel om eit litt anna utgangspunkt enn dei to ovanfor.

– Eg var nok ikkje ein leiartype i oppveksten. Eg har hatt sterke meiningar, men eg var ikkje typen til å vere elevrådsleiar. I staden likte eg heller å trekkje meg litt unna slike verv. Då Bjørg Rimeslåtten, som hadde vore min lærar i samfunnsfag på gymnaset, besøkte meg med ein klasse medan eg var samferdsleministar, så sa ho «det var kanskje ikkje deg eg ville sett føre meg i denne posisjonen her» – og det handla ikkje om at eg ikkje gjorde leksene mine, men meir om at eg ikkje stakk meg fram i klassesituasjonen, seier Liv Signe.

Den siste av dei fire skildrar også ein viss usikkerheit då ho fortel om dagen då ho, som ein audmjuk 24-åring, gjekk inn i si første sjefsstilling i familiebedrifta.

– Eg hugsar den dagen då far min samla alle tilsette i auditoriet og sa at han og Kåre hadde bestemt at eg skulle verte fabrikksjef. Så fekk eg ordet. Eg har aldri vore så nervøs nokon gong. Det vart eit kort møte, men det eg sa var at «Eg kan ikkje noko, eg kjem rett frå studiet, det er de som kan tinga – men eg trur på laget. Og vil de vere med på det, så skal me klare det», seier Trine.

Det er med andre ord ikkje alle av dei fire som vil plassere seg sjølv i kategorien «leiartype». Felles for dei er likevel at dei hamna nettopp der – i leiarposisjonar.

Korleis vart det som det vart? Og har vegen dit vore prega av at dei er kvinner?

Vert kvinner høyrt eller overhøyrt?

– Eg trur framleis det er slik i samfunnet at ein tenkjer at ein mann er eit tryggare val til ein leiarposisjon. Det har eg også høyrt andre kvinner seie – at dei helst vil verte leia av ein mann fordi det er tryggare. Eg trur det handlar litt om at ein er meir vand med det, seier Anne Karin.

Då dei fire får spørsmål om vegen til leiarposisjonane har vore prega av at dei er kvinner, har dei litt ulike svar.

For sjølv om samtlege fortel at karrierevegen ikkje har innehalde dei heilt store hindera på grunn av kjønn, så dukkar det likevel opp historier om både kommentarar og situasjonar som har vore av den keisame, og kanskje også ubehagelege, sorten.

– Då eg vart assisterande fylkesmann fekk eg høyre av ein leiarkollega at eg fekk jobben fordi eg ikkje hadde hår på brystet. Då hadde eg berre konkurrert med menn om stillinga. Då eg vart fylkesmann fekk eg høyre av ein stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane at eg fekk jobben fordi eg var kvinne. Det var oppsiktsvekkande å høyre. Så at det finst litt forelda haldningar, og at kvinner ofte vert møtt med lågare forventningar enn menn, det gjer det. Erfaringa mi er at det er meir enn eg kanskje trudde då eg byrja som leiar, seier Anne Karin.

– Eg har eit par situasjonar som har vore litt ubehagelege, men det har ikkje vore noko eg har brydd meg om. Ein gong som fabrikksjef var eg og dåverande driftssjef på ei maskinmesse. Eg var hans overordna, men då me snakka med nokon italienske leverandørar, så prata dei berre til han og ikkje til meg. Sjølv om eg var sjefen hans. Då vart eg skuffa, og når eg vert skuffa så vert eg også forbanna, fortel Trine.

UNG SJEF: Trine Lerum Hjellhaug var berre 24 år då ho gjekk inn i stillinga som fabrikksjef i Lerum. Foto: Inger Helgestad

Det at det vert snakka over ein og det at ein ikkje vert høyrt, er ein hersketeknikk som kvinner i leiarposisjonar ofte fortel at dei har vore offer for. Det vert ofte snakka om at ein opplever at ein ikkje vert høyrt på same måte som sine mannlege kollegaer.

Det har også nokre av desse fire opplevd.

– Vil du seie at kvinner vert høyrt på same måte som menn? Eller har du opplevd å verte overhøyrt?

– Ja, det har eg opplevd, og det har eg vore ganske oppgjeven over, ler Liv Signe, før ho held fram i ein litt meir alvorleg tone:

– Ein sit i eit møte og kjem med eit innlegg, og så vert det nesten ikkje lagt merke til. Så kjem det ein mann som seier nesten det same etterpå, og så plutseleg var det viktig. Det trur eg mange opplever, og det har eg også gjort. Det gir ei kjensle av avmakt, og ein tenkjer at «dette sa eg jo». Ein føler seg litt liten.

Også det å få kome til ordet i media vert trekt fram som vanskelegare for kvinner. Anne Karin fortel at det i fleire tilfelle har vore utfordrande.

– Eg har opplevd at eg har måtte jobba hardt av og til, at journalistar nærast har gått forbi meg og bort til ein mann. Som kvinne må ein verkeleg jobbe for å få merksemd i media. Fram til dei siste åra har det stort sett vore mannlege redaktørar i avisene og mange mannlege journalistar – kanskje har menn lettare for å gje anerkjenning til andre menn?

Sjølv om det er tydeleg at det har vore nokre situasjonar, er det også viktig å påpeike at ikkje alle har opplevd å vere direkte offer for å verte overhøyrd.

Vibeke skildrar det som at ho har vore heldig og «sleppt unna» – men understrekar at ho er veldig klar over at det skjer. Difor er ho også ekstra bevisst på å gje anerkjenning til dei som fortener det.

– Eg har det i ryggmergen, og er bevisst på å vere nøye på kven som sa ting først. Det handlar om kven som får anerkjenning for ein idé – høyrer ein at ei dame sa det først, eller snakkar ein opp den personen ein alltid snakkar opp? Eg trur det skjer, både med kvinner og menn, men i større grad for kvinner. Makt og ressursar er framleis skeivt fordelt, seier ho.

Ein kan altså konkludere med at sjølv om alle understreka at dei ikkje har vorte direkte hindra av det å vere kvinne, så har det likevel vore nokre situasjonar og kommentarar.

Kanskje er det på grunn av nettopp slike erfaringar at alle fire trekk fram det å skape gode, trygge og støttande fellesskap som ekstra viktig.

Og det å ha nokon ein kan snakke med når utfordringane vert ekstra store.

Støttestrømper og bosbøtter

– Det er viktig å ha nokon rundt seg som ein kan bruke som sparringspartnar og rådgjevar – og «bosbøtte», som eg kallar det. Det er lurt å ha nokon heilt utanfor bedrifta som du kan stole på og som kan heie deg fram og hjelpe til når du treng nokon å snakke med, seier Trine.

– Og som du kan lufte litt frustrasjon med, kanskje?

– Ja. Eg har nokre bosbøtter. Det gjeld uansett i livet, eg trur det er viktig å ha nokon å snakke med.

Det er Vibeke heilt samd i. Ho har også eit eige omgrep for ein slik person, og kallar det «å vere ei støttestrømpe».

– Eg tykkjer «støttestrømpe» er eit fint omgrep. Det er nokon ein stolar på og som kan seie ifrå, både når dei er samde og når dei er usamde med deg.

STØTTESTRØMPE: Vibeke Johnsen meiner det er viktig å omringe seg med nokon som kan støtte ved behov - nokon som kan vere ei «støttestrømpe». Foto: Inger Helgestad

For det er ikkje til å leggje skjul på at det kan oppstå situasjonar der ein treng støtte – og kanskje særleg i leiarstillingar.

Det å ta avgjersler er ikkje alltid populært blant alle. Nokre gonger stormar det også litt ekstra.

– Det å stå i stormar har eg erfaring med at går bra. Det har eg opplevd så mange gonger at det ikkje er noko eg kvir meg for. Det er klart at ein kan oppleve det som slitsamt, men eg opplever at om ein klarar å ha god kommunikasjon så aksepterer folk meir når det gjeld vanskelege saker enn viss folk opplever at noko berre har vorte bestemt. Det å takle stormane er noko som kjem med erfaring også – men det er viktig å ha nokon ein kan snakke med og som ein stolar hundre prosent på, seier Anne Karin.

Status for likestillinga

Trass i keisame episodar og kommentarar, er samtlege av dei fire kvinnene samde om at ein i Noreg har kome langt med likestillinga.

Då er det også viktig å hugse på at nokon har gått i forkant og bana veg.

– I dag har me kome så langt at me tek barnehagar for gitt – og dit må me kome, men av og til tenkjer eg tilbake på kva for ein jobb det faktisk var. Det var Kristin Halvorsen som gjekk i bresjen for det. No støttar alle opp om barnehage, seier Vibeke.

– Eg seier til døtrene mine at dei ikkje må tru at me er i mål med likestillinga. Me er komne langt i forhold til mange andre land, og det skal me vere stolte av, men det er viktig å hugse på at nokon har gått føre. Særleg på 70-talet var det mange sterke kvinner som gjorde mykje på mange sektorar. Det har gjort det lettare for oss andre å kome etter, og det skal me vere medvitne på, seier Liv Signe.

Statusen på likestillingssituasjonen i Noreg er altså ikkje så verst. Mykje er veldig bra – men noko kan også verte betre.

Særleg vert situasjonen på heimebane trekt fram.

– No ser ein jo at det er jenter og kvinner som dominerer mest prestisjestudiar, men så er jo spørsmålet om det gir seg utslag i store endringar i leiarposisjonar. Me har hatt det sånn ei stund, men særleg i næringslivet er det framleis mannsdominert. Det kan hende at det er noko som skjer når ein etablerer familie, då verkar det som me har ei meir tradisjonell arbeidsdeling, seier Anne Karin.

Også andre stiller spørsmål ved om det framleis vert forventa at familien og heimen er arenaer der kvinnene skal styre.

SER BAKOVER: Liv Signe Navarsete minnar om at det er viktig å hugse på dei kvinnene som gjekk i bresjen og som gjorde det lettare for dagens kvinner å kome etter. Foto: Inger Helgestad

– Eg tillèt meg å verte litt lei av dei spørsmåla kvinnelege leiarar med små ungar får. Dei spørsmåla som går på kven som då passar på heimen. Det er omtrent som om ungane ikkje har ein far. Desse spørsmåla får ikkje menn, i alle fall er det svært sjeldan, for då er me framleis i den verda at ein tenkjer at kona eller sambuaren sjølvsagt tek seg av heimen slik at mannen berre kan jobbe, seier Liv Signe.

Trine har lagt merke til det same.

– Om ei dame i ein leiarposisjon vert intervjua, så spør ein korleis ho klarar å ha ein slik jobb samstundes som ho har små ungar. Men får ein mann det spørsmålet? Nei. Der har me ein veg å gå, seier Trine.

Hopp i det!

Avslutningsvis vert dei fire kvinnene spurt om å kome med eit råd.

Dei vert presentert for følgjande hypotetiske situasjon: Tenk deg at det sit ei ung jente der ute. Ho er engasjert, ho meiner ting, og ho har litt lyst å engasjere seg i politikken – men ho veit ikkje om ho tørr. Eller kanskje ho har lyst til å søke på ei leiarstilling, men ho veit ikkje om ho er god nok. Kva råd vil du gje henne?

Og dette er kanskje det spørsmålet der desse fire er aller mest samstemte.

Rådet som går igjen hos alle er: Hopp i det!

I tillegg er dei opptekne av å understreke at alle har vore nye ein gong – og at det er lov til å ikkje vite alt med det same.

GRIP SJANSEN: Dersom dei skal gi eitt råd til unge kvinner, så vel alle fire det same rådet: Hopp i det! Foto: Inger Helgestad

– Det viktigaste eg har å seie er «grip sjansen». Det går heilt sikkert betre enn du trur, og du er heilt sikkert meir enn god nok. Og så er det lov å gjere feil, for det gjer alle. Det viktigaste er at ein lærer av dei og utviklar seg, seier Anne Karin.

– Av og til har eg følt at eg berre har hoppa utan sikkerheitsnett – men du risikerer eigentleg ingenting anna enn at du kan få ei kjempespennande tid og lære masse. Og så er det viktig å hugse at ingen startar utlært, for det er så lett å sjå på dei som har vore i leiarstillingar ei stund og tenkje at ein sjølv ikkje duger, seier Liv Signe.

– For 20 år sidan, då eg starta, så sat eg ofte i mange møter der eg ikkje torde å seie noko. Men det kjem også med erfaring – no seier eg akkurat kva eg meiner, når eg vil. Det gjorde eg ikkje i 2000, fortel Trine.

Vibeke understrekar også at det kan vere ei styrke i det å vere ny.

– Eg pleier å seie «bruk ferskingblikket ditt» – dersom ein er ny på ein arbeidsplass så kom med innspel til kva som kan verte betre, både på fag og på arbeidsmiljø. Det kan du bidra med som fersking, å kome inn med erfaringar og auge og spørsmål. Det er viktig.