Redaksjonen

– Vi har gjort ei grundig vurdering av kva som er best for utviklinga av Porten. Polaris Media kan bidra til å styrke produktet både redaksjonelt og kommersielt. Difor er vi glade for å ha fått dei med på laget, seier styreleiar Thomas Norheim Moen i Porten.

Mediekonsernet Polaris Media har gjennom Polaris Media Nordvestlandet overtatt 64,7 prosent av aksjane i Porten AS, medan seljarane Årdalsnett AS og Agnitio AS blir med på den vidare satsinga med høvesvis 28,2 prosent og 7,1 prosent av aksjane.

Langsiktig eigar

– Det er ei tillitserklæring å bli satsa på av eit så stort mediekonsern. Med Polaris Media har vi fått inn ein profesjonell aktør som vi veit er langsiktig, og som forstår verdien av å satse på og utvikle mediehusa sine med ei tydeleg lokal forankring. Samstundes ser vi fram til å bli del av og dra nytte av eit av dei fremste kompetansemiljøa i landet, seier ansvarleg redaktør i Porten, Lasse Styve Andersen.

Porten.no blei i dagens form etablert for 20 år sidan, men har ei historie som strekker seg tilbake til 1996. Godkjent opplag for første halvår 2022 var 1762 abonnentar.

– Porten har med små ressursar opparbeidd seg ein fin posisjon i Indre Sogn. Med tilgang på kompetanse, teknologiske løysingar og annonse- og abonnementsprodukt frå eit stort og seriøst mediekonsern som Polaris Media, så trur vi potensialet er endå større, seier Norheim Moen.

Spennande satsing

Administrerande direktør Harald H. Rise i Polaris Media Nordvestlandet ser på Porten som ei spennande satsing for konsernet. Samstundes er han glad for at Årdalsnett og Agnitio blir med vidare på eigarsida.

– Vi ser fram til å bli betre kjende med både lesarane i Indre Sogn og staben i Porten, og vi er trygge på at vi kan støtte dei i den vidare utviklinga av produktet. Lukkast vi med det, vil det kunne gje grunnlag for auka inntekter både frå abonnentar og annonsørar, og det vil bidra til ei meir robust og langsiktig finansiering av mediehuset, seier Rise.

Polaris Media er eitt av Skandinavias største mediekonsern med eigarskap i 72 mediehus og har nærare 600 000 abonnentar og ei omsetning på 3,7 milliardar kroner. Polaris Media Nordvestlandet er eitt av hoveddotterselskapa i konsernet og femnar om 16 ulike mediehus. Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke er dei største av desse. Blant dei andre finn vi Fjordenes Tidende (Måløy), Fjordingen (Stryn) og Fjordabladet (Nordfjordeid) i Nordfjord.