Tidleg fredags morgon vart kring 400 innbyggjarar isolert grunna ras.

Vegtrafikksentralen Vest meldte klokka 06:27 at fylkesveg 5602 Feios i Vik er stengd grunna ras. Vegen er stengt like ved Feiostunnelen.

Entreprenør melder at det blir gjort ein ny vurdering klokka 12:00.

Klokka 12:50 melder Vegtrafikksentralen at vegen er open igjen.

Vegen blir nattestengd mellom 19:00 og 08:00 i morgon grunna fare for nye ras.