Det har vore ruskevêr i store delar av Sogn natt til onsdag, og fleire av fjellovergangane er framleis prega av vêret.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd, det vert ein ny vurdering klokka 14:00 i dag.

Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er framleis stengd.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er open, men det kan verta innført kolonnekøyring på kort varsel.

Fylkesveg 53 Årdal - Tyin er stengd igjen.

E16 over Filefjell er open.

Me oppdaterar fortløpande.