Frå klokka 12:00 til 17:00 vert det manuell dirigering ved Steiggjetunnelen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Årsaka er vegarbeid inne i tunnelen.

Vegtrafikksentralen opplyser om at det er snakk om vegmarkering, ettersom kvit- og gulstripa er blitt mindre synlege.

Kor lenge ein lyt vente er ikkje opplyst om.