Like over klokka 19:00 fekk politiet melding om røykutvikling på Hydro sitt anlegg på Årdalstangen. Politiet rykka ut med store ressursar.

Ein knapp halvtime seinare skal brannvesenet på staden ha fått kontroll over situasjonen.

– Me fekk melding om at det ikkje var fare for brann eller at det kunne eskalera, opplyser operasjonsleiar Eirik Loftesnes til Porten.

Det har heller ikkje vore opne flammar på staden.

Dårleg isolasjon

Førebels veit dei ikkje heilt kva som har skjedd, men det har kome røyk i forbindelse med nokre isolasjonsplater inne på fabrikken.

– Det kan verke som om det ikkje har vore isolert godt nok, fortel Loftesnes.

– Kva med dei tilsette, har dei blitt evakuert?

– Anlegget gjekk i naudmodus, men nøyaktig korleis dei tilsette vart instruert på staden, men det var eit titalls personar på jobb og det er ikkje kome melding om noko personskade.

Per no er beredskapen i gang med å trappa ned.

– Brann er på staden og overvåker. Politiet er på veg fram og vil ta ein runde med dei som er på staden for å skaffe eit hendingsforlaup.