Klokka 15.28 meldte Vest politidistrikt om brann i liten lastebil utanfor Gudvangatunnelen, på austsida.

Brannen er truleg sløkt, og lastebilen står utanfor vegbana.

– Det ser ut til å vere ein liten lastebil. Det var ingen dramatikk, og lastebilen står utanfor vegbana. Brannen vart søkt av folk på staden. Det kom noko røyk ut frå listene bak på køyretøyet, fortel Jan Marøy hjå Vegtrafikksentralen.

Ingen kom til skade, og tunnelen er open.