Lindis Toril Aannø Alme og Geir Vangsnes undefined

Me gjettar at svaret ditt er «nei». For takka vera kvinner som desse, er brystkreft ein kvinnesjukdom folk faktisk veit noko om.

Vitskapen rundt kvinnehelse er full av hol. Det er forska mykje meir på sjukdommar som rammar flest menn. Det gjer at me veit for lite om kvinnehelse, og at nokre kvinner får altfor dårleg helsehjelp. Men det finst eit unntak, der pila verkeleg peikar i rett retning: Historia om brystkreft er ein heilt uvanleg ein.

Fleire overlever.

Over 300 kvinner som overlever brystkreft i år, ville truleg mista livet for 20 år sidan. Mykje takka vera forsking, har me funne måtar å oppdaga og behandla brystkreft på, som gjer at langt fleire overlever. Så mange som 9 av 10. Tenk kor mange mødrer, systrer, kjærastar og vener som får leva vidare på grunn av denne utviklinga, kor mange som blir ramma kvart einaste år!

Ein som har fått langt betra framtidsutsikter på grunn av forsking, er Oda. Ho er kvinna med det korte håret på biletet. Oda er 34 år og mamma til ei lita jente på 5. Hadde ho vorte sjuk for 20 år sidan, ville prognosane for å overleva vore langt dårlegare. Då fanst ikkje den målretta medisinen mot krefttypen hennar, *her2, som ho får i dag.

Det er ikkje tilfeldig at brystkreft har vorte ei suksesshistorie som verkeleg viser korleis forsking reddar og forbetrar liv. Gjennom 25 år med Rosa sløyfe-aksjonen har tusenvis av brystkreftramma og støttespelarane deira skapt merksemd om sjukdommen og samla inn 415 millionar kroner til forsking. Det er eit resultat som manglar sidestykke.

Denne enorme summen er samla inn med eit heilt spesielt engasjement. Me pleier å seia at me fargar landet rosa, og det gjer me verkeleg. Over 20.000 deltek i Rosa sløyfe-løp, bygg og landemerke blir farga rosa, det blir selt heimebakte kaker og strikkeklede. Den rosa sløyfa vår blir boren på T-skjorter, dressjakker og kjolar over heile landet. Næringslivet bidreg med donasjonar og kampanjar.

I tillegg står modige kvinner fram og fortel historia si. Rosa sløyfe er kvinnefrigjering. Tallause modige kvinner har stått fram og vist korleis brystkreft har endra kroppen deira. Bryst som er fjerna, bryst med arr og bryst med teip over operasjonssår. Dei har stått fram med glattbarbert hovud etter cellegift, og dei har delt erfaringane sine på godt og vondt. Dei har sprengt grenser, fjerna tabu og gitt tilhøyrsel og styrke til andre i same situasjon.

Det kostar å dela historia si. Malin, den unge kvinna på biletet med det lange, lyse håret, syntest det var skummelt å visa seg fram på sitt mest sårbare. Tobarnsmora er i dag kreftfri, men som 29-åring i overgangsalderen har ho mista høvet til å få fleire barn. Kirsten lever med ulækjeleg kreft. Ho er den mørkhåra kvinna på biletet som har fjerna det eine brystet. Forsking har bidrege til at ho får medisinar som gir henne meir tid saman med barn og barnebarn. Men ein dag vil desse slutta å verka. Håpet for framtida er stort.

Modige kvinner som Oda, Kirsten og Malin reddar liv. Dei gjer at fleire kvinner følgjer med på eigne bryst, og at me som samfunn betre forstår korleis sjukdommen pregar dei. Dei gjer det også heilt tydeleg kvifor me må halda fram med å forska på brystkreft. Me treng meir skånsam behandling, slik at kvinner som Oda og Malin får eit betra liv etter kreften. Og me treng fleire innovative behandlingar, slik at Kirsten og dei andre som er ramma av dei mest alvorslege formene for brystkreft, får leva vidare.