I ei pressemelding frå Statens vegvesen vert det kjent at det er Presis Vegdrift AS som skal drifta kontrakt med mellom anna fire store fjellovergangar og verdas lengste vegtunnel.

Kontrakten gir selskapet ansvaret for delar av vegnettet både i Sogn, Hardanger og Voss dei neste fem åra.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland signerte måndag føremiddag kontrakten til ein verdi av 670 millionar kroner.

Fjellovergangar og fleire kilometer tunnel

Kontrakten omfattar til saman 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde.

Det er i all hovudsak tre kommunar i Sogn som vert inkludert i ansvarsområdet; Vik, Aurland og Lærdal.

Dette er vegstrekningane selskapet no skal drifte:

  • Riksveg 7 Haugastøl – Bu (som inkluderer fjellovergangen Hardangervidda)

  • Riksveg 52 Storeskar – Borlaug (Hemsedalsfjellet)

  • Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)

  • E16 Voss – Tyin (Filefjell)

  • Riksveg 5 Håbakken – Fodnes

Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er Lærdalstunnelen. Som kjend skal gjennomgå betrakteleg oppgradering dei neste åra.

Totalt er det 103232 meter, eller 103 kilometer, tunnel i kontraktsområdet.

I pressemeldinga seier prosjektleiar Johannes Øydvin følgjande:

OMRÅDE: Dette er vegstrekningane kontraktsområdet dekker. Foto: Kart: Statens vegvesen

– Dette er ein stor vegkontrakt, noko som gjer at Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell.

Klimakrav

I pressemeldinga skriv Vegvesenet at dei har som mål å halvera utsleppet på sine prosjekt innan 2030.

– I kontrakten krev me delvis utsleppsfrie og delvis nullutslepps køyretøy. Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering, seier Øydvin.

Han held fram:

– Vi har fokus på oppsamling av vaskevatn i samband med tunnelreinhald, og det skal takast prøvar av vaskevatnet. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop, for å sikra korrekt deponering av massane.

Klimakrava kring bruken av salt kjem og til å ha ein innverknad visse stader. Over Vikafjell og Hardangervidda skal det ikkje nyttast salt på grunn av sårbar natur.

Over Filefjell og Hemsedal kan det berre nyttast under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.

Enkelte punkt i kontraktsområdet kan også vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.