Etter ei tid med fleire diskusjonar i kommunen er dei siste formalitetane kome på plass og SIMAS er no klare for å ta over renovasjonsansvaret i Årdal kommune.

Avtalen vart som kjend godkjent under kommunestyremøtet 27. april og er eit resultat av endringar i nasjonale retningslinjer for handsaming av avfall.

– Me i SIMAS applauderer dette valet og set pris på tillita kommunestyret viser vår ordning når Årdal går frå å vere eigar til å ta i bruk våre tenester, skriv dei i ei pressemelding.

Ordninga startar opp 1. januar 2024.