Klokka 14:52 melder Vegtrafikksentralen vest at Gudvangatunnelen er stengd.

Tunnelen er stengd grunna ein påkøyring av ein høgdebegrensar. Vegtrafikksentralen har fått informasjon om at kjettinga er laus, og henger nedover.

– Me veit ikkje kva som er årsaka. Det heng ein vaier med ein bolt ned fra ein høgdebegrensar, men det ser ut som dei henger slik dei skal, seier Kjetil Larsen hjå vegtrafikksentralen.

Entreprenør er på veg.