VENNER AV BJARNE undefined

Det var med sorg og vemod me mottok den triste bodskapen om at Bjarne var gått bort veslejulaftan om morgonen.

Bjarne vart fødd 1.juli 1943 i Årdal som yngstemann i ein søskenflokk på 6. Bjarne snakka ofte om oppveksten sin som var både fin og krevande. Bjarne fekk eit uvanleg rikt liv i bygda som han var så glad i, og han var sjølv med på å berika bygda med sitt store engasjement og bankande hjarte for det lokale kulturlivet.

Dette vart ei livsoppgåve for han og eit engasjement som han gløda for heilt til det siste. Bjarne starta si yrkesaktive karriere som lærling, og etter kvart som elektrikar på det som den gongen var Årdal og Sunndal Verk.

RETTE ELEMENT: Dirigent Bjarne Øren, her frå julekonsert med Chris Medina og Eirik Næss. Foto: Sunniva Knutsen

Etter nokre år der vart han tilsett av Årdal skulestyre som rektor ved Årdal kommunale musikkskule, ei stilling han hadde i 28 år. Bjarne var ein svært sosial person og ikkje minst musikalsk person, noko som har prega familien og vennekretsen hans i alle år.

Me er veldig stolte av den imponerande karriera hans, og her vil me gjerne ta fram:

Øvre Årdal Janitsjarkorps som han tok over 17 år gamal og dirigerte i 46 år.

Øvre Årdal Songlag: dirigent i 34 år

Farnes Mannskor: dirigent i 26 år

Årdal Storband: dirigent i 5 år

Farnes skulemusikk: dirigent i 7 år

Kongens fortenestemedalje i 2007

Kulturprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1999

Æresdiplom frå Norges Musikkorps Forbund i 2001

Diplom for 50-års medlemskap i musikkorpsbevegelsen i Norge i 2007

Norges Musikkorps Forbunds fortenestemedalje

Diplom for 60 års medlemskap i Årdal Arbeidarparti i 2018

Som dirigent la han ned eit stort arbeid med musikalprosjekta «Beatlesprosjektet» og «Frå Chaplin til Elton John». Prosjekta vart framførde i dei store konserthusa i Noreg med 170 lokale musikarar på scena.

Mest spesielt var det nok at Beatlesprosjektet vart framført med stor suksess i England, nærmare bestemt i Bournemouth.

Mange seier om Bjarne at han var veldig nøyaktig, litt sta og pertentleg. Slik var han også i arbeidet med kor og korps. Han gav seg aldri! Han kunne nok plaga mange med det ihuga arbeidet sitt for å oppnå måla han sette seg. Gode resultat vart det ofte, og det er mange som ser tilbake på dette med stor glede i dag.

Bjarne var full av gode historiar og meister til å fortelja. Me skjønar enno ikkje at dei same historiane kunne vera like gode sjølv etter endelause framføringar.

Borna har hatt ei lang, lærerik og innhaldsrik reise saman med ein kjær far. Dei er evig takksame for alt han har gjort og betydd for alle i slekta og familien. Bjarne ville ha fylt 80 år til sommaren. Slik vart det ikkje.

Til sommaren var det planlagt ein konsert til ære for han, der den eldste sonen, Jan Roger, har skrive ein festmarsj for dette høvet. Me vonar alle at denne festmarsjen likevel kan bli framført for å heidra og minnast Bjarne!

Vennene til Bjarne bøyer i dag hovudet i takksemd for alt han har utretta og for den gode vennen han har vore. Ved Bjarne sin bortgang har kulturlivet og heile årdalssamfunnet mista ein framifrå støttespelar som me alle vil minnast med respekt og vørdnad!