Naturvernforbundet i Indre Sogn

Varmen har kome til Sogn, og i lang tid har vi høyrd fuglane synge. Fuglekvitter og heimkomst av fuglar frå vinterreise er for mange eit kjærkome teikn på at det atter er vår og og sumar. Vi i Naturvernforbundet i Indre Sogn blir i alle høve glade av lyden, av teikna på liv kring oss, og vi trur det gjeld dei fleste. Likevel er det er ein fugl som ofte får mykje motstand mot seg - måken.

Til ei viss grad er det forståeleg. Dei er territorielle, og beskyttar reiret og ungane sine mot det dei ser på som eit trugsmål. Dei fleste av oss er ikkje til fare for måkane eller unga deira. Likevel synar det seg gong på gong at nokre få personar tek egg, øydelegg reir og ellers er til skade for hekkande måkar.

Like utanfor døra til Sogn Avis på Sjøkanten i Sogndal var der to hekkande måkepar i nokon plantekasser på parkeringsplassen. Fuglane ruga førre helga, men då måndagen kom var begge reir tomme - utan spor av fugl, egg eller ungar. Dette er ikkje greitt.

Å forstyrra reir i hekketida er ulovleg, og heimla i naturmangfaldsloven. Det betyr i prinsipp at om ein tek egg, skadar reir eller jagar ville fuglar kan ein bli anmeld og straffa.

Fiskemåke, som vi trur arten på Sjøkanten var, er ein av våre vanlegaste “bymåkar”. Difor kan det overraska at arten er lista som sårbar på raudlista og rekna som truga. Kvart reir tel, kvart egg er viktig.

Andre gonger er det ikkje meininga å forstyrre fuglane. Eit styremedlem observerte på Leikanger ein droneflygar som forstyrra hekkande tjeld, der tjelden blei svært stressa og prøvde å jaga vekk drona. Det heile kulminerte i at tjelden og drona krasja, før tjelden fløy skremd vekk. Potensiale for skade ved slike sammenstøyt er stor, og vi vet ikkje meir om korleis det endte for tjelden. Dette er heller ikkje greitt.

Medan vi nyter sola og har det kjekt ute, ta omsyn. Lat fuglane få hekke i fred, gå heller ein annan stad enn å kjempe mot hekkepar i forsvar. Nokre verneområde har ferdselsforbud no i hekketida, så sjekk naturbase for restriksjonsområde før du går inn. Hugs at det er vi menneske som har teke oss til rette i tidlegare naturområde som desse fuglane har nytta lenge, som dei treng for å overleva som art. Vi er på besøk, og lyt oppføra oss — i beste forstand — som folk.