Martin Malkenes

Digitalt utanforskap inneber manglande tilgang til eller moglegheit til å bruke digitale tenester som er nødvendige for å få innfridd sine rettigheiter. Det kan være å sjekke skattemeldinga, kontakte helsetenester eller betale rekningar i nettbank.

Vi møter mange som opplever digitalt utanforskap. Det gjeld eit vidt spekter av menneske som av ulike grunnar ikkje har deltatt i den digitale utviklinga. Fellesnemnaren for dei fleste er at tenester blir meir og meir digitaliserte utan at den enkelte får opplæring. Har du ikkje nettbrett, smarttelefon eller pc og ikkje har fått deg Bank-Id hjelper det lite at du får brev i posten om at skattemeldinga er tilgjengeleg på skatteetaten.no.

Vi i Norges Blindeforbund har gjennomført ein undersøking via Respons Analyse blant våre medlem om digitale ferdigheiter. I 2023 oppgjev 25 % at dei har fått opplæring av kommune, Blindeforbundet eller liknande, i bruk av smarttelefon eller nettbrett. I 2018 var talet 36 %. Det vil si en nedgang på 11 % som har mottatt formell opplæring.

Digitaliseringsdirektoratet anslår at kvar femte innbyggar kan være sårbar i møtet med offentlege digitale tenester. Forbrukerrådet har gjort ei undersøking som viser at 300 000 personer i Norge ikkje har Bank-Id. Vi snakkar om store utfordringar for samfunnet.

Opplæring er den viktigaste løysinga på digitalt utanforskap. Men for mange, som våre medlem, er også universell utforming essensielt. Hos våre medlem meiner 6 av 10 at mangel på universell utforming som en av de største hindringane for full digital deltaking.

Vår organisasjon arbeider kontinuerleg med problemstillingar rundt digitalt utanforskap. Vi opplever ein viss framgang, men vi treng eit større løft. Ikkje berre for våre medlem, men for alle som opplever digitalt utanforskap. Bli gjerne med oss i kampen, enten som medlem eller støttespelar.

Vi kjenner alle nokon som opplever digitalt utanforskap. Alle bør ha tilgang til grunnleggande tenester i samfunnet.

Derfor står vi på for eit digitalt samfunn for alle!