Sparebanken Vest deler ut eit overskot på over ein milliard kroner. Det kjem frami ei pressemelding.

Dei med med bustadlån i Sparebanken Vest kan få i snitt 8 763 kroner i kundeutbytte i år.

– Aldri før har me delt ut så mykje i kundeutbytte, seier banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli.

Potten til allmennyttige midlar er på totalt 632 millionar kroner.

– Det er ekstra kjekt å kunne sette inn kundeutbytte på konto til kundane no som så mange verkeleg merkar prisstigninga på lommeboka.

Styret i banken vil dele ut ein milliard og 50 millionar kroner i kundeutbytte til kundar som har lån og sparepengar i banken. Det er 470 millionar meir enn i fjor.

632 millionar kroner i samfunnsutbytte

Frivilligheita i Sogn kan også gle seg til å kunne søke om midlar til prosjekt og gode formål i 2024.

Banken vil sette av til saman 632 millionar kroner til samfunnsutbytte.

– Eg håpar at eldsjeler her i området vil søke om støtte til prosjekt som dei ønskjer å gjennomføre, som vil gagne det gode fellesskapet.

Mange organisasjonar fekk støtte frå Sparebanken Vest i fjor. Banksjefen nemner Aurland Husflidlag, Idrettslaget Jotun og Sogn Motorsportklubb som døme.