Frå i dag torsdag klokka 12:30 treng du Schibsted-konto for å lesa Porten. Det betyr at du som lesar treng å oppdatera den digitale profilen din.

Dette er fort gjort, og når det er gjennomført vil du ha mykje lettare tilgang til avisa enn det den førre modellen vår hadde.

Er du så heldig at du abonnerer på Porten, er det mogleg du allereie har fått mail eller tekstmelding frå oss med informasjon om ny innlogging.

– Detta blir ein vinn-vinn-situasjon, seier redaktør Lasse Styve Andersen.

– Me får tilby eit betre produkt, og du får ein lettare kvardag som abonnent, legg dagleg leiar Kristine Haglund til.

NØGD: Redaktør Lasse Styve Andersen og dagleg leiar Kristine Haglund er nøgd. Foto: Vegard Nekstad

Om du allereie har konto hjå VG, BT eller Finn.no, kan du bruke den same innlogginga når du skal logge inn på Porten frå i dag. Om du ikkje har konto, er det enkelt å opprette ein ny.

Kopling av Schibsted-konto eller oppretting av ny Schibsted-konto kan du enkelt gjera anten på mobilen, nettbrettet eller PC-en.

Følg instruksjonen på https://minside.porten.no/koble-bruker.

– Og dersom du støtar på eit problem, eller du har spørsmål til den nye løysinga, kan du no ringe til eit kundesenter som gjer alt for at du skal få ei god oppleving som lesar, seier Haglund.

Redaksjonen ser fram til å jobbe frå dei nye systema, og å levera gode saker og nyheiter til deg – både på mobil og PC.

Dersom du treng hjelp til innlogging eller kopling av brukar, kan du ta direkte kontakt med kundesenteret vårt på 400 05 660 eller abonnement@porten.no mellom klokka 08–16 på kvardagar.