Det har i alle fall danskane Mathilde og Martin Buch Larsen erfart.

For snart ti år sidan dei to kjøpte opp Bøtun gard på Indre Hafslo. Den gongen var dei begge i full jobb og hadde ikkje noko spesifikke ambisjonar om å satse på gardsbruk og matproduksjon.

– Me skulle berre ha plass for oss sjølv så me kunne dyrke litt gulrøter og liknande, seier Martin.

Men etter nokre år på bruket kom lysta til å drive garden. Dei byrja med saue- og griseproduksjon, og derifrå utvikla det seg vidare.

Bærekraftigheit

– Me ville leggje om til noko meir miljøvenleg enn saueproduksjon. Det er så mykje av det rundt om så me ville bidra med noko anna. Så såg me eit oppslag på Facebook om nokon som dreiv med marknadshage på 600 meters høgde. Det er jo mykje vinterstid her på Indre Hafslo, men då me skjønte at me kunne drive meir seriøst med eigen grønnsaksproduksjon så tykte me det var spanande, seier Mathilde.

LEVEDYKTIG: Trass lange vintrar på Indre Hafslo er marka god og dyrkbar og gjev solid avkastning på 3,5 mål. Foto: Ola Skram

Garden er økologisk drifta. I økologisk produksjon er eit viktig prinsipp å etablere ein berekraftig forvaltning av landbruket, skriv Mattilsynet.no

– Me såg korleis andre hadde strukturert det og det var vel då me såg produksjonsvolumet per mål som gjorde at me skjønte det var mogleg å lage ein arbeidsplass, sper Martin på.

Auka satsing på grønsaker har gjeve resultat, meir enn dei var klar over på førehand.

– Me har om lag 3,5 mål. På det området kunne me hatt om lag fem lam som vil gje tilsvarande 80-100 kilo slaktekjøt. Til samanlikning klarar me å produsere opp mot ti gonger kaloriane på same areal. Det er ingen tvil om at det er langt meir mat me ser.

– Ein kunne ha fått fram om lag 90.000 salathovuder berre på dette arealet dersom alt gjekk vegen. Det er heilt sinnssjukt når ein byrjar å rekne på det.

Saueproduksjonen la dei ned i fjor. Frå den var ca 2/3 av omsetnaden tilskot. Markedshager ligg berre inne med 5 % av omsetnad som tilskot, då det ikkje passer heilt i systemet, fortel dei. Støtte til omleggingen har i stor grad kome frå innovasjon Norge, noko som har vore viktig for å klare å skape volum på produksjonane.

– Me håpar at regjeringa i landsbruksoppgjeret i mai ser verdien av småskala produsentar og gjer det mogleg for oss å konkuirrere med større produsentar på meir likeverdige vilkår, seier Martin.

OPENBARING: Produksjons-storleik og økonomisk avkastning har gjeve paret ekstra motivasjon til å satse vidare. Foto: Ola Skram

Likevel; – I fjor produserte me 520.000 ekskludert moms i produksjon. Føredrag og andre produkter kjem i tilleg. Me vil i år ha til jobb for Mathilde og ein praktikant og ein sesongarbeidar. Det er jo moro å klare sopass sysselsetting på berre 3,5 mål.

Denne veka kunne dei annonsere eit nytt samarbeid saman med den nystarta restauranten Brasa i Sogndal. Eit av fleire døme på restaurantar som ønskjer å nytte lokale råvarer, til dømes Fjærland Fjordstove, Nes gard, Turtagrø Hotel, hotel Walaker og Dampskipskaia i Sogndal. Luster kommune har også vore viktig med deira bedriftutviklingstilskot.

Dei legg til at det hadde vore umogleg å lukkast utan støtte frå og handel med lokale og lojale kundar.

Lærdomar frå pandemi og krigsuro

Men dei to driv ikkje denne produksjonen berre for avkastinga si skuld, for timelønen er ikkje astronomisk. For dei er det ein del av ein større bevisstheit når det gjeld viktigheita for eit land å til ein viss grad vere sjølvforsynt når det gjeld matproduksjon.

Det meiner dei pandemien og krigen i Ukraina, som saman med Russland står for 30 prosent av verdas kornkammer, er eit skinande døme på. Matprisar stig, og regjeringa ønskjer no tiltak der til dømes norske bønder kan forsyne befolkninga med eigenprodusert korn.

UTVALG: Mykje skal snart i jorda, men frost og kuldegrader er med å hale tida ut. Dei har det mellombels godt inne i varmen i den gamle Fjøsen på tomta som no er ombygd. Foto: Ola Skram

– Det som ein del folk som me snakkar me er overraska over er at no er folk blitt bevisste på at det er eit problem om haustinga sler feil i Ukraina og Russland. Men med det forskarane har førespegla med tanke på klimaendringar så burde me ha jobba mykje meir iherdig med tanke på å produsere sjølvforsyning på eit tidlegare stadige, seier Martin.

– Eg trur ærleg talt det ikkje er så mange som skjønnar kva det vil seie om me ikkje får importert. Ein klarar ikkje å førestille seg tomme butikkhyller. Nordmenn tenkjer kanskje at me har oljefondet og kan kjøpe oss mat frå utlandet. Men krigen i Ukraina er eit godt døme på at ein ikkje alltid kan det. Etter kvart som det blir mindre mat tilgjengeleg så er det allianse, ven eller fiende som gjeld - ikkje pris på maten.

Mathilde sper på.

– Det har jo liggje i bakhovudet at ein burde verte meir sjølvforsynt. Samstundes er det nok ein tanke ikkje alle ønskjer å ta innover seg, for ein vert veldig sårbar. Me må lære å lage mat på nye måtar, bruke andre lokale råvarer. Men også råvarer som er enklare å produsere nærare oss.

Ny interesse

Under 2. verdskrig var det mellom anna potet, gulrøter og enkle ting å plante og produsere som vart redninga. Det lærte dei fleste i heimkunnskap på skulen og i historietimane. Mathilde seier at dei opplever stadig auka interesse frå folk med heilt vanlege hagar som ønskjer å lære seg korleis ein enkelt kan dyrke litt mat på eigen hand.

– Me opplever ein enorm interesse frå folk som ønskjer å byrje å dyrke sjølv. Me har drive med sjølvforsyning i ni år, men merka ein klar auke i interesse frå andre under pandemien.

MYKJE MAT: – Maten som kjem frå kassane held langt ut på hausten. Eg kunne eigentleg dyrka meir, seier Lasse Vikøren Asperanden. Foto: Ola Skram

Lasse Vikøren Asperanden bur midt i Sogndalsfjøra men lev store del av sommar og haust på eigenprodusert mat. Midt i den vesle hagen dyrkar han gulrøter, løk, potet, brokkoli og eple.

I tillegg får familien felle 12 hjort. Ofte held produksjonen seg utover hausten og inn mot jul.

MOGLEGHEITER: – Det er vel berre osten me treng å kjøpe inn her på sesongtid, seier Asperanden om den heimelaga brokkoligratengen som han riktignok mest truleg har fått god hjelp til å lage. For ordens skuld: Asperanden er ein del av familien som eig bygget Porten er leligetakar av i sentrum. Foto: Ola Skram

– På vinteren må me kjøpe inn, men elles klarar me oss for det meste sjølv. Det er ikkje så veldig tidkrevjande, men så skal det seiast at eg er svært oppteken av dette, seier han.

Berre i tilfelle

Så enkelt kan det gjerast. Og kanskje ein dag er det nettopp dette ein må lene seg på dersom matmangel vert eit problem også her.

– Det er vel litt greitt å tenkje på at de hadde hatt til mat på bordet og vel så det skulle ting gått ad undas?

SJØLVFORSYNT: – Det har jo liggje i bakhovudet at ein burde verte meir sjølvforsynt, seier Mathilde Buch Larsen Foto: Ola Skram

– Hehe, ja, du er ikkje den første som seier det. Men me torer ikkje å tenkje den tanken. Det er ikkje difor me gjer det. Dessutan ville me ha hatt mat til andre då også, avsluttar Mathilde.