I tilsetjingsrådet førre veke blei Dag Fiske tilsett som ny leiar for politiet i Sogn og Fjordane. Den formelle tittelen er Leiar for geografisk driftseining (GDE) Sogn og Fjordane. Fiske er 55 år gamal og bur i Førde.

Han har sidan 2016 vore tenesteeiningsleiar i Sunnfjord politistasjonsdistrikt. Fiske har brei bakgrunn frå politiet, både frå etterforsking og operativt arbeid.

Fiske tek over som GDE-leiar etter Arne Johannessen som nyleg blei henta inn som visepolitimeister i 6 månader medan visepolitimeister Ane Kvaal er utlånt til Politidirektoratet som prosjektleiar. Fiske byrjar i si nye rolle 1. september. Fram til då fungerer Kari Marie Kjellstad som GDE-leiar i Sogn og Fjordane.

Det er også endringar i Stab for verksemdsstyring (SVS). I same tilsetjingsråd blei Merethe Mæland tilsett som ny SVS-leiar. Mæland er 46 år gamal og bur i Rådal i Bergen kommune. Ho kjem frå stillinga som seksjonssjef for strategi og styring i Vestland fylkeskommune.

Mæland har lang erfaring som leiar, både frå ulike roller i fylkeskommunen og frå konsulentbransjen.

Kari Marie Kjellstad er fungerande GDE-leiar i Sogn og Fjordane fram til 1. september. Foto: Lasse Styve Andersen

Mæland tek over etter Katrine Stura som nyleg slutta for å starte i ein ny stilling i Statsbygg.