Klokka 18:51 melder Vest politidistrikt på X/Twitter om ein rusa mann som hadde med seg ein pistol på bussen mellom Sogndal og Balestrand.

Vitne skal ha sett han vifta med pistolen bak i bussen.

Politiet rykka ut og fekk kontroll på mannen.

Det viste seg å vera eit luftvåpen utan skot.