Ti timar på overtid i forhandlingane, vart partane einige. Det blir ingen busstreik for 2362 bussjåførar og bybaneførarar, skriv NRK laurdag morgon.

Det gler administrerande direktør i NHO Transport, Jon H. Stordrange seg over.

– Me er glade for at det blei semje, slik at busselskapa fortsatt kan transportera passasjerane til jobb, skule og fritidsaktiviteter på ein trygg og miljøvennleg måte, seier Nordstrange til NRK.

Ifølgje ABC Nyheter kunne sjåførar over det meste av landet verte trekt ut i streik. Flest av dei som kunne verte trekt ut, fann ein i Finnmark, Kristiansand, Bergen, Oslo og Stavanger.

TV 2 skriv at kravet frå bussjåførane dreide seg om å heva lønnsnivået, auka kjøpekrafta, betre tilleggsordningar, at ein standard for betre tryggleggsjekk vert sikra, og at rutinene for tillitsvalte som jobbar med arbeidstidsbestemmelsane i bransjen måtte verte betra.

– Vi har kome til eit resultat som me på arbeidstakarsida anbefaler våre medlem å seie ja til. Vi har fått gjennomslag for viktige krav i arbeidskvardagen, som me har kjempa for i mange år, seier Linda Jæger, som var Yrkestrafikkforbundet sin forhandlingsleiar, til TV 2.