Torsdag morgon heldt politiet i Sogndal ein promillekontroll i sentrum. 100 førarar vart kontrollerte i morgontimane.

Ei kvinne i 30-åra gav utslag på alkometeret til patruljen.

" Ho blir meld for køyring i alkoholpåverka tilstand", skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Førarkortet til kvinna vert ikkje beslaglagt.