E16 Borgundstunnelen mellom Lærdal og Borgund er stengt på grunn av røykutvikling frå ein semitrailer på utsida av tunnelen.

Det melder Vest politidistrikt klokka 18:35.

Brannvesen er framme på staden melder dei på nytt klokka 18:55. Føraren av traileren har sjølv sløkt brannen med pulverapparat og situasjonen skal vera under kontroll.

Det var to personar i traileren. Den eine personen har fått i seg røyk, melder politiet. Begge vil bli teken hand om av helse.

Klokka 19:02 er både politi og ambulanse komen på staden.