Vest Politidistrikt melder klokka 13:15 om ei arbeidsulukke ved Seimsdalstunnelen på Årdalstangen.

Ein lastebil skal ha komme borti ein korglift medan to personar oppheldt seg i den. Hendinga skal ha skjedd medan arbeidarane jobba med ventilasjon oppunder tunneltaket. Det skal vera snakk om ei høgde på i overkant av 10 meter.

Politiet melder vidare at dei to arbeidarane skal ha vorte påført skadar medan dei var i liften. Dei har no vorte henta ned, og vert tilsett av helsepersonell på staden. Begge er bevisste, men skadeomfanget er ukjend.

Politiet har så langt ingen opplysningar om dei skadde eller om korleis påkøyrselen har hendt.

Naudetatane, inkludert luftambulanse, er på staden.

Sendt til Førde sjukehus

Klokka 13:44 melder politiet på Twitter at ein pasient vert teken med i luftambulanse og ein i ambulanse. Begge vert sendt til sjukehuset i Førde. Skadeomfanget er framleis ukjend.

Politiet melder vidare at dei er i kontakt med andre arbeidarar på staden og gjer fleire undersøkingar. Det vert oppretta sak.