Det var brøytemannskap på strekningen Fv. 50 Aurland – Hol som kom over den store steinen i vegbana natt til torsdag.

– Den dekkjer ein og ein halv, nesten to vegbaner, sa trafikkoperatør ved Statens vegvesen Jørgen Bødtker tidleg torsdag morgon.

STOR: Steinen dekte store delar av vegen. Foto: Geilo Tomteservice

Ein av dei som kom til staden var ein tilsett for Geilo Tomteservice som tek oppdrag for Presis Vegdrift.

– Det var ein av karane våre som skulle innover fordi det var litt snø. Når han såg steinen i vegen ringte han meg. Han var heilt sikker på at det var ein bil som låg på vegen då han kom køyrande, seier Sigbjørn Mørk i Geilo Tomteservice.

I 7-tida vart vegen opna opp etter at steinen hadde vorte flytta til side. Skadar på vegen gjer at den vil bli lappa saman i løpet av nær tid, men ikkje i dag, fortel byggjeleiar Geir Ove Engebø i Statens vegvesen.

– Me tek det når det er asfalt til det, det var ikkje så hakkande gale.

Ein geolog skal inn for å sjekke området, men førebels meiner Engebø det skal vere trygt å køyre på vegen.

– Kvifor vil de sjekke då?

– Steinen var stor og det er greitt for å sjå om det er meir som kan kome på eit seinare tidspunkt.