E16 Tuftåstunnelen i Lærdal er stengd, det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter. Meldinga kom klokka 18:23.

Årsaka til stenginga, er at ein campingbil har fått stans i vegbana.

Klokka 18:37 melder Vegtrafikksentralen at bilbergar er 15 minutt unna.

Klokka 18:55 er tunnelen open for trafikk att.