Sparebanken Sogn og Fjordane offentleggjorde resultatet sitt for fyrste kvartal torsdag. Det kom på 186 millionar kroner, mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor. Det skriv banken i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Dermed har resultatet betra seg med 27 millionar kroner, om ein samanliknar med tala frå same periode i 2021.

Resultatet for første kvartal i år gir ei eigenkapitalavkastning på 10,0 prosent mot 9,1 prosent for same periode i fjor.

– Resultatframgangen skuldast fin vekst i netto renteinntekter og eit godt resultat frå finansielle instrument. Driftskostnadene er også redusert, samanlikna med første kvartal i fjor, og bidrar til resultatframgangen, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Samstundes peiker Teigene på at det er blitt dyrare å kjøpe hus i regionen. Det er noko banken ser på prisveksten, både det siste året og når ein ser på dei siste åra totalt.

Dei siste 12 månadane er bustadprisveksten på heile 12,5 prosent, skriv dei.

– Prisveksten i Sogn og Fjordane har vore dobbelt så stor som i Norge siste 12 månadar. Sogn og Fjordane har større bustadprisvekst siste fem år enn både landet totalt og dei største byane i Norge, seier Teigene.